Lev Tolstoj er ein bauta i russisk litteratur, og forfattaren har dessutan påverka moderne litteratur verda over. Anton Tsjekhov, James Joyce, Virginia Woolf, Marcel Proust, William Faulkner - alle desse hylla han som ein av dei fremste forfattarane gjennom tidene. «Då Ivan Iljitsj døydde» (1886) er ei lita perle av ei bok, som ofte har drukna i merksemda rundt dei store romanane Tolstoj er kjend for. Men denne langnovella er noko av det mest personlege han skreiv. Den nådelause skildringa av det uekte, overflatiske livet som Ivan Iljitsj har levd, verkar moderne - nesten samtidig. Utan høflege omsyn til lesaren, viser Tolstoj fram sjukdommen og døden i all si gru. Korleis leve eit meiningsfullt liv med den meiningslause døden som det einaste heilt sikre? Spørsmålet er like essensielt snart halvtanna hundreår seinare.
Les mer
Tolstojs mesterverk er en evig aktuell fortelling om fasade, karriere og menneskelig grums.

Produktdetaljer

ISBN
9788279593591
Publisert
2023-03-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
145 gr
Høyde
185 mm
Bredde
124 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
97

Forfatter
Oversetter