Jeg kan peke på minst førtifire kvalitetstrekk ved novellesamlingen (44) av Erlend Kaasa ... Kaasa maner frem personene i en usedvanlig harmonisk blanding av djevelsk humor og omtanke for og ironisk distanse til dem – og selv når avstanden mellom skrivende og fremskrevet person er på sitt største, fremstår sistnevnte med overbevisning og en nærmest overmenneskelig sterk tiltrekningskraft.

- Joakim Tjøstheim, Dagbladet

Du trur Erlend Kaasa skriv liketil, og så ser du ein gong til ... Novellene heng igjen i meg som substansielle, litterære stemningar, og som uttrykk for vesentlege livsinnstillingar.

- Ingvild Bræin, Dag og Tid

Erlend Kaasa skriv rått om pulsklokker og frusterte menn. Han fortjener et større publikum.

- Ingunn Økland, Aftenposten

Se alle

Novellene i (44) [er] tankefulle, leseverdige portrett av menneske som kjenner murane reise seg og skuggane legge seg midtveges i livet.

- Erlend Myklebust, Klassekampen

Ein familiekjær forfattar blir skulda for å ha skrive eit misogynt manus. Ein trampoline opnar porten inn til dei store gåtene i livet. Kongen av Strava må ta affære då han blir utsett for eit overrumplande kupp. Ei søvnlaus kvinne gruar seg til ein romantisk weekend i Gdańsk. Det blodige sporet til eit skamskote dyr fører ein jeger ut av kurs. Ein dokkeheim tek så smått form i ein kjellarhybel på Vigrestad. Fagre Frøydis byrjar å innsjå at ho ikkje er like fager lenger. Og ein mann går inn på det gamle guterommet sitt og oppdagar at heile livet hans er hengt opp på veggen.

Gjennom dei åtte novellene i (44) møter vi personar som kvar på sitt vis byrjar bli merkte av livet dei har levd: Av uutgrundelege val og tilfeldige møte. Forspilte sjansar. Usannsynlege triumfar og lukketreff. Kjærleik. Svik. Askese. Eksess. Mot. Hovmot.

(44) gjev lesaren innblikk i eit knippe livsløp som har glidd inn i faste former, men som enno ikkje har stivna heilt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234014857
Publisert
2025-01-23
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
240 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
139
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter