Tarjei Vesaas skreiv både romanar, noveller, skodespel og dikt, men det er nok romanane hans som er mest kjende.
Kimen (1940) er ei krass skildring av den villskapen som brått kan løysast ut hos mennesket, men òg av anger, skuldkjensle og ei trassig tru på framtida.Fuglane (1957) er Vesaas? mest lesne roman. Boka er omsett til ei rekkje språk og vart i 1967 filmatisert i Polen. Med Is-slottet (1963) vann Vesaas Nordisk Råds litteraturpris. Boka skildrar først eit lagnadsfylt møte mellom elleveåringane Unn og Siss. Til Vesaas? beste har Olav Vesaas laga eit utval av farens beste noveller og dikt, samt overraskande ekstratekster: artiklar, skisser, notat, talar.Tarjei Vesaas (1897?1970) blir ofte rekna som ein av dei største norske 1900-tallsdiktarane. Han debuterte i 1923 med romanen Menneskebonn, men fekk først eit gjennombrot i 1934 med Det store spelet. Fram til Båten om kvelden (1968) ga han i alt ut eit trettitals titlar. For novellesamlinga Vindane fekk Vesaas Veneziaprisen (1953) og med den òg eit internasjonalt gjennombrot.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788205366657
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Serie
Vekt
350 gr
Høyde
185 mm
Bredde
115 mm
Dybde
38 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
617
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter