Norsk klassikar som nydeleg gåvebok

Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur. Symra handlar om landet, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Her er dikt om naturen, arbeid, kjærleik, klokskap, sanning, tilgjersle, tru og von. Dikta skulle syngjast, og mange var dikta til kjende tonar. Den mest kjende songen i Symra er «Nordmannen», ein av dei få songane nordmenn flest kan utanboks, og av mange rekna som vår eigentlege nasjonalsong. I høve 150-års jubileet for 1875-utgåva gir Samlaget no ut Symra som nydeleg gåvebok, utstyrt med eit forord av Runar Gudnason frå Side Brok.

Les mer
"Denne utgåva byggjer på utgåva som Terje Aarset redigerte for Fagbokforlaget i 2013" - Kolofonen

Produktdetaljer

ISBN
9788234015298
Publisert
2025-06-04
Utgiver
Det Norske Samlaget; Samlaget
Vekt
183 gr
Høyde
194 mm
Bredde
135 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
74
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Foreword by