Den nye diktsamlinga til Einar Økland kjem or den dyrebare natta og søvnen, men slentrar også rundt i sola eller lener seg på årane og ser ned mot botnen der livet glir vidare. Når vi dykkar ned i dikta, treffer dei både kropp og tanke med rare trykk. Boka er tredelt og inneheld «Idyllar» (utan å alltid vere like idyllisk), «Erindringar» (som like gjerne kan vere frampeik) og «Formidlingar» (som balanserer sosialt mellom visdom og dårskap). Denne samlinga om livets geografiar, retningar og nedslag snakkar ikkje berre om livet, men også om korleis ein kan snakke om det - når ein sjonglerer med det alvorlege, det humoristiske, det absurde, det attkjennelege og det overraskande.
Les mer
Omslagstittel: Sykling i søvne

Produktdetaljer

ISBN
9788252187717
Publisert
2015-03-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
210 gr
Høyde
210 mm
Bredde
135 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
109

Forfatter