Alejandra Pizarnik (1936-72) vart fødd i Buenos Aires av russisk-jødiske foreldre som hadde flykta dit to år tidlegare. Ho kjende seg som ein framand i livet, eit menneske dømt til å skape, til å setje ord på det som ikkje har namn. Ho er sanseleg, skremmande, kompromisslaus, litterært kjettarsk, formsterk og visuell, og med eit sterkt begjær etter stillheit: Forfattarskapen med barndomen og døden som tematiske kraftlinjer, står i spenn mellom det heftige og det heilt stille. Ho er rekna som ei av dei viktigaste lyrikarane i Argentina, og er forbilde og inspirator for fleire generasjonar kunstnarar i den spanskspråklege verda. "Lidenskapeleg søvnløyse og dagklart skjerpa blikk", skreiv den meksikanske nobelprisvinnaren Octavio Paz om dikta hennar.
Les mer
Forfattaren er rekna som ein av dei viktigaste lyrikarane i Argentina, og er forbilde for fleire generasjonar kunstnarar i den spanskspråklege verda. Dikta i denne samlinga er i hovudsak henta fra Àrbol de Diana (1962), Los trabajos y las noches (1965) og Extracción de la piedra de la locura (1968).
Les mer
Etterord av Tove Bakke

Produktdetaljer

ISBN
9788202241414
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen
Vekt
101 gr
Høyde
175 mm
Bredde
120 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
91

Oversetter