Menneskeverdet. Kvardagens stordom. Alle like mykje verdt. Også dei i skammekroken: like mykje verdt. Det ser ein og det forstår ein når ein les Thor Sørheims dikt.
- Knut Ødegård, Romsdals Budstikke
Innsikter som dette, både slåande og enkelt formulert, ber bod om ein diktar som har mange års visdom internert i sitt skapande verke. (…) I Fullmånen les vi ein poet som er poet med kvar trevl i kroppen, ein som stoler på eigentyngda i orda han ber fram og lar den rolege refleksjonen få utspele seg under undringa sin himmel.
- Alf Kjetil Walgermo, Vårt Land
[F]or dei som ikkje bare er opptekne av den mest aktuelle samtidslyrikken, den som er slik dikt skal vera nå for tida , men som kan gleda seg over det poetiske, over det gode diktet, er denne boka ein open invitasjon til stille glede.
- Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen