Då Tor Jonsson (f. 1916) knapt 35 år gammal tok sitt eige liv i 1951, var han rekna som ein av våre mest markante diktarar. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. Han vart ein "klassikar" i levande live. Seinare har diktinga hans stadig vorte meir populær. Fleire av dikta er også vorte velkjende ved at tone- og visekunstnarar har sett melodi til dei. Denn utgåva inneheld etterordet som Tore Ørjasæter skreiv til førsteutgåva av Tor Jonssons Dikt i samling (1956) og eit minnedikt frå venen Jan-Magnus Bruheim. Dei voldsomme spenningane i dikt og artiklar, er hos Tor Jonsson (1916-1951) knytte til hans dramatiske og tragiske liv. I dikta står livslyst mot dødslengt, medan han som journalist sto fram som ein sosialt engasjert skribent med kvasse åtak på urett og undertrykking, og ofte med brodd mot idyllisering av bygdesamfunnet.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016-05-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
216

Forfatter