Federico García Lorca (1898--1936) høyrer til dei varaste, og tydelegaste, røystene i den moderne dramatikken. Hans gjennomført lyriske stykke, der kvar ein klang stemmer, og er på sin rette plass, har fått sin urokkelege status som klassikar i den moderne dramatikken. Mange av skodespela hans er skrivne på vers, han sa sjølv at eit teaterstykke er eit dikt som reiser seg opp og står. Mange av Lorcas drama manar fram bilde av kvinner -- sterke, svake, fanga av tradisjonar: Bernarda Albas hus, Yerma, Blodbryllaup og Frøken Rosita. Frøken Rosita eller Blomsterspråket er eit stykke som vekslar mellom poesi og realisme, det viser korleis syklusen til blomen Rosa mutabile, duftande - og visnande, følgjer Rositas fall. Bernarda Albas hus er Lorcas siste stykke, skrive det året han vart myrda, ved utbrotet av den spanske borgarkrigen. Stykket gir uttrykk for det han såg som ein tragisk livssituasjon for den spanske kvinna.
Les mer
Frøken Rosita er eit stykke som vekslar mellom poesi og realisme. Rositas fall knyttast til syklusen til blomen Rosa mutabile. Bernarda Albas hus er skriven ved utbrotet av den spanske borgarkrigen og gir uttrykk for det forfattaren såg som ein tragisk livssituasjon for den spanske kvinna.
Les mer
Omslagstittel: Frøken Rosita ; Bernanda Albas hus

Produktdetaljer

ISBN
9788252170276
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
200 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
216
Orginaltittel
Doña Rosita la soltera, o El lenguaje de las flores ; La casa de Bernarda Alba
Sjanger
Skjønnlitteratur

Oversetter