Dette er ei viktig og tankevekkjande bok som set søkjelys på store utfordringar i den norske rettsstaten. Sunde, som er professor i rettshistorie, uttrykkjer bekymring for om rettsstaten har vorte klassedelt. I boka peiker han på at vanlege folk ikkje har råd til advokathjelp når dei treng det, og at det berre er i straffesaker og barnefordelingssaker dei i dag har tilgang til rettssystemet. For domstolane er i realiteten berre tilgjengelege for bedrifter, institusjonar og offentlege organ, dei velståande og dei som kan skyva utgifter til advokat over på eit forsikringsselskap. Lågterskeltilbod for konfliktløysing, som Jordskifteretten, Konfliktrådet og Forbrukartvistutvalet, er for ukjente, overbelasta eller for vanskeleg tilgjengelege til å vega opp for mangelen på domstolstilgang.]]>
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234015052
Publisert
2025
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Sjanger
Faglitteratur