«Når krubba er tom, bitst hestane», heiter det. Risikerer vi ei matkrise, som knapp kornforsyning og vanskar med kornimport? Vi ser på mat som forbruksvarer, vi kjøper og kastar overfloda. Vi produserer mat lausriven frå arealgrunnlaget. Vil vi fortsetja slik, og la landet gro att? Kva inneber sosial og økologisk berekraft? Aukrust vil styrkje det allsidige familiejordbruket, med balanse i ressurskrinsløpet. Frå fjord til fjell kan vi nytte utmark ueigna til dyrking av menneskemat til beite, og auke matplanteproduksjonen og sjølvforsyninga. Eit framtidsretta jordbruk i livskraftige lokalsamfunn handlar om samfunnstryggleik for alle. Beredskapsplan for mat, korn, såvarer og fôr, som del av ein nasjonal beredskaps- og kriseplan, står ikkje i motsetning til internasjonal handel og samarbeid. Kvifor svelt 821 millionar menneske, sjølv med nok mat i verda? Industrijordbruket står for urettferdig fordeling av jord og makt. I tiår har vi overskride jorda si toleevne. For å tryggje matforsyninga framover, oppmodar FN kvart land frå styresmakter til lokalsamfunn til enkeltindivid å ta hand om fruktbar jord, naturmangfald og klimaomsyn. Det er naudsynt med omfattande systemskifte og endringar i levevis. Forfattaren vender seg til den allmene lesar, og tek opp sentrale tema omkring livsgrunnlag, levevis og matproduksjon.
Les mer
«Marie Aukrust skriver om landbruk med et så vidt perspektiv at hun kan minne om Naomi Klein. [...] Boka gir et godt bilde av utvikling og endringer, farer og framtidsutsikter, slik også menneskets skyld og ansvar for at vi har kommet dit vi er [...] Marie Aukrust øser av et stort tilfang, hun har faglig innsikt og kompetanse, bruker filosofiske og litterære referanser og nøster et utall av tråder.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282655156
Publisert
2020-09-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Dreyers Forlag
Vekt
242 gr
Høyde
201 mm
Bredde
126 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
256

Forfatter