Sosial ulikskap handlar om korleis verdfulle og verdsette ressursar er fordelte i eit gjeve samfunn. Er den økonomiske rikdomen samla på eit fåtal hender, eller er den spreidd meir jamnt utover? Kor store er avstandane mellom dei rikaste og dei fattigaste? Mellom dei høgast utdanna og dei utan utdanning? Mellom dei med ressursterke sosiale nettverk og dei med få eller ingen slike kontaktar? Forskjellar som dette gjer det mogleg å samanlikne individ, grupper og grupperingar. Ulikskap handlar om ulike former for makt og hierarki, og om kva konsekvensar desse kan ha. På grunnlag av nyare data om det norske samfunnet, og med utgangspunkt i norske og internasjonale studiar, vil denne boka gje ei innføring i nokre typiske problemstillingar i analysar av sosial ulikskap og korleis desse kan studerast. Johs. Hjellbrekke er professor i sosiologi ved UiB. Se flere utgitte og planlagte bøker i Å studere-serien her.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245037272
Publisert
2024
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet