Møre og Romsdal har ei rik næringslivshistorie, der det gjennom historia har vore store og små aktørar som har drive produksjon innan ulike næringsgreiner både for den lokale, nasjonale og internasjonale marknaden. Samarbeidspartane bak denne boka har difor hatt eit ønskje om å utføre eit forskingsprosjekt knytt til næringslivet og næringslivshistoria i Møre og Romsdal. Målet er å undersøkje kva kulturar og strukturar som har vore kjenneteiknande for denne delen av historia i regionen. I så høve vil det bli teke utgangspunkt i teoriane til den kjente sosiologen Max Weber om protestantisk etikk og kapitalistisk ånd, der ein vil utfordre om dei internasjonalt mykje nytta modellane frå det ein kan kalle Weber-skulen let seg overføre også til arbeids- og næringsliv i Møre og Romsdal. Artiklane tek føre seg perioden frå 1700-talet til i dag, og omhandlar alt frå klippfiskeksport til kaffistover og offshoreindustri. Boka er eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Viti og Nynorsk kultursentrum. Redaktør og prosjektleiar Mads Langnes (dr.philos.) er førstekonservator ved Romsdalsmuseet. Han er også ansvarleg for fellestenesta for forsking for musea i Møre og Romsdal, redaktør for årboka til Romsdalsmuseet og har tidlegare mellom anna gitt ut ei rekke bøker og artiklar om agrarhistorie, rettshistorie, administrasjonshistorie og kulturhistorie.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283051551
Publisert
2024
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Museumsforlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet

Redaktør