Tid for tale er ei innføringsbok i munnleg kommunikasjon i skolen, med hovudvekt på dei fire sjangrane "opplesing", "forteljing", tale" og "samtale". Med retorikken som teoretisk og didaktisk fundament, syner forfattaren korleis ein konkret kan arbeide med munnlege tekstar i norskfaget. Den nye utgåva av Tid for tale er gjennomrevidert i forhold til ny læreplan, med tettare innarbeidde analyseeksempel og med nyskrive innhald om vurdering av munnlege ferdigheiter. Boka passar til både teori- og tekstpensum i munnlegdelen av norsk i lærarutdanninga og til sjølvstudium for lærarar. Her finn ein praktiske tips, omgrepsforklaringar, ei rekkje arbeidsoppgåver og grundige opplegg for korleis ein kan vurdere ulike munnlege sjangrar. Teksteksempla finst i lydform på ein CD med same tittel som boka - eit svært nyttig supplement for både studentar og lærarar. Klikk på lenka til høgre for å sjå og høyre korleis lydeksempla kan brukast saman med boka!
Les mer
Boka gir ei innføring i munnleg opplæring og kommunikasjon i den norske skolen. Boka passar til både teori- og tekstpensum i munnlegdelen av norsk i lærarutdanninga og til sjølvstudium for lærarar. Boka inneheld opplegg for korleis ein kan vurdere og analysere ulike munnlege sjangrar, arbeidsoppgåver til kvart sjangerkapittel og ein bibliografi. Antologidelen av boka har teksteksempel henta frå opplesing, forteljing, tale og samtale.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202269937
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
362 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
183

Forfatter