Dette er både ei praktisk og ei teoretisk innføringsbok om munnleg opplæring og kommunikasjon i den norske skolen. Boka passar til både teori- og tekstpensum i munnlegdelen av norsk i lærarutdanninga og til sjølvstudium for lærarar.
Med utgangspunkt i retorisk tenking utviklar forfattaren ein didaktisk teori for munnlegundervisninga - og syner korleis ein konkret kan arbeide med munnlege sjangrar og tekstar i norskfaget. Ho argumenterer for at læraren bør vere ein sikker rettleiar og god formidlar.
Boka inneheld større kapittel om: stemme, ansikt og kropp, opplesing, forteljing, tale og samtale. Ein finn her grundige opplegg for korleis vurdere og analysere ulike munnlege sjangrar, ei rekkje arbeidsoppgåver til kvart sjangerkapittel og ein omfattande bibliografi. Det høyrer til ein eigen antologidel med teksteksempel henta frå opplesing, forteljing, tale og samtale og er muleg å kjøpe ein CD med dei same eksempla i lydform.
Boka har fått tilskot til utgjeving av Skuleboknemdi åt Studentmållaget i Oslo.
Les mer
Boka gir ei innføring i munnleg opplæring og kommunikasjon i den norske skolen. Boka passar til både teori- og tekstpensum i munnlegdelen av norsk i lærarutdanninga og til sjølvstudium for lærarar. Boka inneheld opplegg for korleis ein kan vurdere og analysere ulike munnlege sjangrar, arbeidsoppgåver til kvart sjangerkapittel og ein bibliografi. Antologidelen av boka har teksteksempel henta frå opplesing, forteljing, tale og samtale.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788202217815
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
351 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
184
Forfatter