Kva treng lærarar å vite om spesialundervisning? Kva handlar spesialundervisninga om, og korleis fungerer ho? Boka gir eit historisk overblikk over spesialundervisninga, korleis ho blei til, kva formål ho har, og korleis organiseringa har endra seg. Forfattaren tek utgangspunkt i komplementaritetsteorien, som går ut på at når den ordinære opplæringa er god, er behovet for spesielle tiltak lite, medan behovet for spesielle tiltak aukar når den ordinære opplæringa er mindre god. Studentane får ei innføring i kva teoretisk grunnsyn spesialundervisninga byggjer på, og korleis dette har endra spesialundervisninga over tid. Vidare går forfattaren gjennom kva vi veit om korleis spesialundervisninga fungerer i dag, kva vi veit om dei elevane som får spesialundervisning, og om utbytet for elevane. Boka er skriven spesielt for lærarstudentar og lærarar. Peder Haug er professor emeritus i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda. Han har arbeidd ved Høgskulen i Volda sidan 1976, men med lengre engasjement ved Senter for barneforsking NTNU, Noregs forskingsråd, Universitetet i Stavanger, Skolverket i Sverige og Uppsala Universitet. Han har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om tema som gjeld barnehage, skule, lærarutdanning og spesialundervisning.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234002397
Publisert
2021-01-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
380 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
173

Forfatter