Samskriving kan fremme sosiale eigenskapar, faglege og skriftlege ferdigheiter. Men korleis fungerer samskriving eigentleg i skolen? Kva må læraren tenke på for at samskriving ansikt-til-ansikt eller i digitale miljø skal fungere godt? Korleis kan elevar bruke kvarandre eller praterobotar som læringsfremmande støtte for eiga skriving? Frå lærarstøtte og gruppearbeid til tekstproduksjon med språkmodellar: gode måtar å samskrive på ser ut til å vere viktigare no enn nokon gong før.  I denne innføringsboka blir dei mest brukte framgangsmåtane, effektane og problema ved samskriving gjennomgått og kritisk diskutert. Boka går i djupna på teoriar om samarbeid og skriving, men gir samtidig ei rekke praktiske eksempel frå nyare skriveforsking i skolen. I tillegg inneheld boka 20 konkrete undervisningsmetodar for samskriving frå begynnaropplæringa og heilt fram til dei eldste elevane i skolen.   Jon Olav Sørhaug er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Universitetet i Agder og forfattar. Han har spisskompetanse på digital teknologi og skriving. Sørhaug underviser lærarstudentar, vidareutdannar lærarar og forskar på bruk av generativ kunstig intelligens i skolen. 
Les mer
Utgivelsesår ikke oppgitt i publikasjonen

Produktdetaljer

ISBN
9788234013966
Publisert
2025-04-01
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
289 gr
Høyde
240 mm
Bredde
171 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
125
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter