Rettleiing i barnehagen - tilpassing eller danning? handlar om korleis rettleiing kan bidra til å utvikle barnehagen i lys av eit danningsperspektiv, med merksemd retta mot prosessar med mål om å lære, utvikle og endre praksis. Kvardagen i barnehagen inneheld ulike og komplekse situasjonar der ulik tilnærming til rettleiing bør nyttast, der det heilskaplege kring ulike situasjonar og utfordringar bør takast omsyn til. Boka inneheld ulike tilnærmingar til rettleiing med vekt på handling og refleksjon, systemisk tenking og utforsking. Forfattaren belyser også ulike former for rettleiing og korleis desse kan nyttast i ulike situasjonar i barnehagen. Teoriforankringa vektlegg eit sosiokulturelt og situert perspektiv der interaksjon og samhandling står sterkt, og der kunnskapen er infiltrert i historisk og kulturell kontekst og difor unik for kvar einskild barnehage. Boka byggjer også på teoriar om danning og teorien om praksisarkitekturar, og ho inneheld diskusjonar om moglegheiter og utfordringar med å utvikle måtar å tenke, handle og relatere seg til kvarandre på i rettleiingsrommet. Forfattaren viser korleis rettleiing kan bidra til å utvikle barnehagen, og løftar fram fellesskap, fagkunnskap og utforsking som drivkrefter for læring, utvikling og endring. Bak i boka finn du eit vedlegg med forslag til ulike former for rettleiing. Rettleiing i barnehagen - tilpassing eller danning? er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga. Den er også relevant for vidareutdanningar innan barnehagefeltet og for alle som er interessert i å lese om rettleiing for læring, utvikling og endring i barnehagen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202792428
Publisert
2024-01-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
345 gr
Høyde
240 mm
Bredde
171 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
160

Forfatter
Illustratør