Boka gir ei oversiktleg framstilling av norsk pressehistorie frå dei første avisene i 1760-åra og fram til i dag. Forfattarane tek for seg pressestruktur, endringar i stofftype og vinkling, og profesjonaliseringa av journalistyrket og pressa generelt. Målet er å vise korleis dagens pressestruktur har vakse fram, og hovudvekta i framstillinga er lagt på etterkrigstida, med avpolitisering av pressa, meir marknadsretta journalistikk og sterkare eigarkonsentrasjon. Den reviderte utgåva har óg nytt stoff om utanriksdekking, nynorskpressa, lay-out og nettaviser. Norske forhold blir sett inn i ein internasjonal kontekst, og ytringsfridommens skiftande kår er eit tilbakevendande tema. Rune Ottosen er professor i journalistikk ved Høgskolen i Oslo. Lars Arve Røssland er førsteamanuensis i medievitskap ved Universitetet i Bergen. Helge Østbye er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
Les mer
Boka gir ei oversikt over utviklingslinjene i norsk pressehistorie frå 1760-åra og fram til tusenårsskiftet. Framstillinga legg vekt på utviklinga i pressestruktur, endringar i journalistisk innhald og profesjonaliseringa av journalistyrket og pressa generelt. Hovudvekta i framstillinga er lagt på etterkrigstida. Målgruppa er studentar på medievitskap og journalistutdanninga.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252177701
Publisert
2012-01-13
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
581 gr
Høyde
239 mm
Bredde
170 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
271
Sjanger
Faglitteratur