Viltforvaltaren treng økologisk kunnskap om einskildarter og økosystem, og alle tiltak må skje innan rammene som lovverket set. Lovverket varierer mellom ulike land basert på tidlegare og noverande maktforhold og tradisjonar, slik og i Noreg. Mange vitskapsretningar er opptekne av å løysa naturvernutfordringar. Viltforvalting merkjer seg ut ved å leggja spesielt vekt på vern gjennom berekraftig bruk. Å forvalta jaktbare arter og leveområda deira slik at artene og jakta på dei kan halda fram for alltid, er vesentleg. Om dette kan oppnåast, er heilt avhengig av folkemeininga som bestemmer kva politikk som vert ført. Torstein Storaas er professor emeritus ved Høgskolen i Innlandet på Evenstad, med doktorgrad på skogsfugl. Storaas har forska på elg, rype og byttedyra til tiger i Nepal. Han har forvaltingsrøynsle frå høgskule, kommunestyre, villreinnemnd og kommuneskog. Scott Michael Brainerd er fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet på Evenstad, med doktorgrad på mår og over 50 års røynsle i viltforsking og -forvalting frå mellom anna NJFF, NINA og som leiar for statleg viltforsking i Alaska.]]>
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788215065601
Publisert
2024-11-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Vekt
585 gr
Høyde
240 mm
Bredde
168 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
310
Sjanger
Faglitteratur