Ein far, ei dotter og kampen for livet. 15. mars 2017 går det eit enormt snøras nær fjellet Gråskallen på Haugastøl. Eit tysk turfølgje på seks er på skitur i området i eit forrykande uvêr. 23 år gamle Adina Lange blir nedgraven i snømassane. Ho ligg fanga halvannan meter under snøen og kan berre røre eit par fingrar i eine votten. I «Skredet» blir lesaren med på faren si desperate leiting etter dottera og Adinas kamp for livet, men også ein utruleg innsats frå både frivillige og profesjonelle som gjer alt for å redde livet til den unge kvinna. «Skredet» er ei dramatisk og rørande historie om ein kamp for livet i vill natur med frivillige heltar og dyktige hundar. Finst det noko betre i det norske samfunnet enn folk som stiller opp for andre, som brukar fritid og eigne pengar for å redde liv? Korleis gjekk det eigentleg med redningsoperasjonen på Haugastøl og alle dei seks skigåarane? Korleis blei livet etterpå - for far, turvener, hjelparar og ikkje minst for Adina?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234001888
Publisert
2022-03-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
335 gr
Høyde
211 mm
Bredde
138 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
180

Forfatter