Arne Hjeltnes reiser Noreg rundt for å forstå meir av den norske ølrevolusjonen. På nokre få år har det dukka opp hundrevis av mikrobryggeri her i landet. Arne er innom 15–20 bryggeri i bygd og by for å treffa folka bak ølet. Boka tar for seg mange artige ølsortar, men det er dei fargerike bryggarane som er hovudpersonane i boka. Dei er entusiastar som har satsa mykje, av og til alt, i trua på sitt eige brygg. Det er slike folk som har skapt den norske ølrevolusjonen. Gode galningar med idear, folk som skapar noko.Du vil finne mykje godt øl i denne boka om gründarskap og entusiasme. Øl og brygg i bygd og by er ei bok å verta tyrst av, og du kjem til å møta ei gjeng du vil verta imponert over. Boka fortel òg korleis du kan laga ditt eige øl.Om forfattaren Arne Hjeltnes har skrive 20 bøker. Han har vore engasjert i lokal mat både i bokform og i tv-seriar. Denne boka om norske ølbryggarar føyer seg inn i rekka av hans engasjement for det som gror av mat- og drikkekultur i bygd og by.]]>
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788205514577
Publisert
2018-10-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
1114 gr
Høyde
263 mm
Bredde
210 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
251
Forfatter
Photographs by