Rett i norsk Høgsterett vart sett første gong den 30. juni i 1815. Domstolen var meint å ha verken kraft eller vilje, men skulle døme strengt etter Stortinget sine lover. Den skulle uvilkårleg spegle lovene som lovgivar vedtok, utan sjølv å ha ei meining om dei. Men tidleg viste domstolen både kraft og vilje til å vere ein del av statsmakta gjennom å ta ei aktiv og samfunnsregulerande rolle. Høgsterett vart like mykje ein samfunnsspegel som ein lovspegel. Korleis har Høgsterett brukt sin posisjon som den øvste domstolen i Noreg dei siste 200 åra? Og korleis har domstolen samvirka med det norske samfunnet? Denne antologien kastar lys over desse spørsmåla, dels ved å sjå korleis Høgsterett har utøvd verksemda si i meir konkrete saker, dels ved å sjå på rammene for korleis Høgsterett utøvde verksemda si som samfunnspolitisk institusjon, og korleis Høgsterett si verksemd har blitt kommunisert offentleg. Frode Ulvund (f. 1969) er dr.philos. og professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen. Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er dr. juris og professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245018097
Publisert
2015-09-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
390 gr
Høyde
223 mm
Bredde
147 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
215