Boka gir ei kortfatta oversikt over Noregs engasjement i internasjonalt bistandsarbeid frå Kerala-prosjektet i 1952 til i dag. Etter å ha gjort greie for korleis utviklingshjelpa kom i gang etter den andre verdskrigen, følgjer forfattaren utviklingslinjene i det norske bistandsarbeidet: korleis ein har tenkt omkring bistand til ulike tider, kva erfaringar ein har gjort i konkrete bistandsprosjekt, og korleis arbeidet har blitt organisert. Noreg markerte seg tidleg i internasjonalt bistandsarbeid, og med stadig aukande oljeinntekter kom Noreg til å vere blant dei leiande landa når det gjaldt storleiken på u-hjelpa i høve til folketal. Slik fekk Noreg ei stilling i internasjonale relasjonar langt utover det ein kunne forvente ut ifrå folketalet. Ei hovudoppgåve i denne boka er å syne korleis Noreg nytta dette handlingsrommet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252188554
Publisert
2016-09-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
270 gr
Høyde
204 mm
Bredde
128 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
192