Vinnar av Subjektprisen 2023! 11. oktober 2023 er det tretti år sidan forleggjaren William Nygaard blei skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo, attentatet blei kopla til fatwaen mot Salman Rushdie. Framleis er saka uløyst. I denne boka nøstar gravejournalisten Odd Isungset opp dei lause trådane i ei dramatisk krimforteljing som handlar om svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse for ei av dei viktigaste ytringsfridomssakene i vår tid. Kva er grunnen til at denne saka enda ikkje er oppklart? Kva skjedde då ein mistenkt vart arrestert og brått lauslaten? Kvifor fekk ikkje eingong Nygaard vite at saka blei henlagd i det stille i 2007? I 2018 blei to menn sikta for å ha forsøkt å ta livet av William Nygaard. Kvifor greier ikkje norsk politi å løyse saka? Er det frykta for å legge seg ut med Iran som gjer at denne kriminalsaka framleis ikkje har fått ei løysing? Blodspora frå Dagaliveien fører heilt fram til i dag, i august 2022 blei Salman Rushdie knivstukken under eit arrangement i USA.
Les mer
Vanvittig spennende om «den største politiskandalen etter krigen

Produktdetaljer

ISBN
9788234012242
Publisert
2023-10-06
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
635 gr
Høyde
233 mm
Bredde
161 mm
Dybde
34 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
395

Forfatter