I 1845 møtte to tusen menneske i Fresvik i Sogn for å sjå at Ingeborg Olsdotter Grønlien vart avretta. Så mange menneske har det korkje før eller seinare vore samla i Fresvik. Saki vitnar om den store interessa slike offentlege avrettingar hadde. Denne boki fortel om åtte avrettingar der anten forbrytarane eller offeri var frå Sogn og Fjordane, frå 1600-talet til 1864. Boki har også eigne kapittel om ulike mordsaker med tilknyting til Sogn, om blodskam og hekseprosessar og om dei ulike straffemetodane som vart nytta. Fleire av desse straffemetodane var sterkt vanærande, særleg når lovbrytarane vart framstilte offentleg. Det er òg med eit kapittel om historia til Vik fengsel i boki. Det einaste fengselet i Sogn og Fjordane vart bygt i indre Sogn fordi kriminaliteten der var mykje større enn i resten av fylket.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401920
Publisert
2023-08-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
475 gr
Høyde
225 mm
Bredde
150 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
128

Forfatter