Norsk strafferett byggjer på eit prinsipp om at utilreknelege lovbrytarar ikkje skal straffast. Mellom anna er det ein klar regel at lovbrytarar som var psykotiske på gjerningstidspunktet, ikkje kan møtast med ein straffereaksjon. Straffelova opnar likevel for at det i nokre tilfelle, av omsyn til samfunnsvernet, er nødvendig å møte psykotiske lovbrytarar med ein særreaksjon. Etter lovendring som tok til å gjelde frå 1. januar 2002, kan psykotiske lovbrytarar no få dom på overføring til tvungent psykisk helsevern. Ein slik dom overlet ansvaret for den domfelte til det psykiske helsevernet. Forfattaren gir ei framstilling av gjennomføringsreglane i psykisk helsevernlova kapittel 5. Gjennomføringsreglane inkluderer ei rekkje ulike aktørar, og boka gir ei oversikt over ansvarsforholda til ulike aktørar under gjennomføringa av særreaksjonen - frå avgjerda i det regionale helseføretaket om kva for institusjon som skal få behandlingsansvaret, til påtalemakta si vurdering av om reaksjonen skal opphøyre. Boka er aktuell for tilsette i det psykiske helsevernet, politiet og påtalemakta og andre i det praktiske rettslivet som har interesse i spørsmål omkring gjennomføring av dom til tvunge psykisk helsevern. Torstein Gullbrå er spesialkonsulent ved Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri - Helseregion Vest. Under arbeidet med boka har forfattaren vore knytt til Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri - Helseregion Vest og strafferettsmiljøet ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Les mer
Boka gir ei framstilling av gjennomføringsreglane i psykisk helsevernlova kapittel 5, og gir ei oversikt over ansvarsforholda til ulike aktørar under gjennomføringa av særreaksjonen. Boka blei opprinneleg skrive som særavhandling til juridisk embetseksamen. Med litteraturliste og register.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245002171
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
135 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
95
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter