Det alminnelege utgangspunktet i norsk rett er at utilreknelege lovbrytarar ikkje kan straffast. Men i visse tilfelle kan samfunnet likevel ha behov for å verne seg mot nye lovbrot frå slike lovbrytarar. Tidlegare har det skjedd gjennom sikringsinstituttet, men 1. januar 2002 vart reglane om sikring av utilreknelege lovbrytarar avløyst av to nye strafferettslege særreaksjonar: dom på overføring til tvungent psykisk helsevern (§ 39) og dom på overføring til tvungen omsorg (§ 39a). Boka tek for seg den første særreaksjonen, som i første rekkje rettar seg mot psykotiske lovbrytarar som ein fryktar kan komme til å gjere fleire lovbrot. Boka behandlar først og fremst dei materielle vilkåra for å gje dom på denne særreaksjonen, men òg ei rekkje straffeprosessuelle spørsmål vert drøfta. Dessutan inneheld boka ein gjennomgang av reglane for gjennomføring og opphøyr av reaksjonen, statistikk og eit reformframlegg til korleis lovteksten alternativt kunne vore utforma. Boka er særleg interessant for det praktiske rettslivet, men òg for alle som er interesserte i ei innføring i den strafferettslege behandlinga av psykotiske lovbrytarar. Jørn RT Jacobsen er universitetslektor ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Les mer
Boka tek for seg dom på overføring til tvungent psykisk helsevern, ein særreaksjon som i første rekke rettar seg mot psykotiske lovbrytarar. Boka behandlar dei materielle vilkåra for å gje dom på denne særreaksjonen, og går gjennom reglane for gjennomføring og opphøyr av reaksjonen. Forfattaren kjem også med eit framlegg til korleis lovteksten alternativt kunne ha vore utforma. Har litteraturliste og register.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245001907
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
456 gr
Høyde
210 mm
Bredde
135 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
337
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter