Korleis vert det norske rettssystemet endra av kunstig intelligens? Svaret ligg i historia. 1000 år med norsk rettshistorie viser korleis norsk rett har vorte endra av ny kommunikasjonsteknologi det siste millenniet. Retten gjekk frå å vera munnleg til skriftleg på 1100- og 1200-talet, og den handskrivne retten vart erstatta av trykt rett på 1600- og 1700-talet. Frå 1983 vart norsk rett digitalisert. Det vil seia at lover, høgsterettsdommar og juridisk litteratur vert søkte opp på internett og lesne på ein datamaskin. Digitaliseringa av norsk rett har no kome så langt at sjølv grunnleggjande strukturar som rettferdsidealet og juridisk metode er i endring. Difor står rettsstaten overfor like store utfordringar i dag som då kommunikasjonsteknologien endra seg med skriven og trykt rett. I denne situasjonen må vi læra av historia, ikkje minst korleis rettstryggleik og rettsstaten kan sikrast. For den nye kommunikasjonsteknologien kan gjera retten både undertrykkjande og frigjerande, alt etter kva val vi tek i åra som kjem.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282655903
Publisert
2023-10-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Dreyers Forlag
Vekt
1049 gr
Høyde
250 mm
Bredde
179 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
358