Kvifor er mange symbol ved norsk nasjonalitet kopla til kristendommen? Flagget består av ein kross og på nasjonaldagen ber ein Gud om å signe landet. Denne boka undersøker tilhøvet mellom kristendom og nasjonalisme i ein formativ periode av norsk historie: Det lange og innhaldsrike tidsrommet mellom Napoleonskrigane på byrjinga av 1800-talet og etterdønningane av første verdskrig på 1900-talet. I denne perioden dominerte kampen for politisk og kulturelt sjølvstende dagsorden, og tilhøvet mellom kristendom og norskdom var eit tema med stort konfliktpotensiale. Boka framhevar og granskar ei særskild gruppe nasjonsbyggjarar: grundtvigianarar og folkehøgskulelærarar. Desse bidrog i ein lang intellektuell tradisjon, best karakterisert som den kristelege nasjonalismen. Gjennom ei lang rekkje institusjonar, nettverk og offentlege ytringar, sette dei kristelege nasjonalistane eit markant preg på danninga av den moderne norske nasjonalstaten.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283901221
Publisert
2023-12-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Vekt
975 gr
Høyde
247 mm
Bredde
180 mm
Dybde
38 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet

Forfatter