Få importartiklar har prega det norske samfunnet som kristentrua. Med bodskapen om Kvitekrist kom ein heilt ny samfunnsklasse: presteskapet. Med seg hadde dei penn og pergament, og trua på at det ikkje alltid er rett å hemne urett. Så sjølvsagt har kristentrua vorte at det er lett å bli blind for kor sterkt kyrkja pregar landet vårt.
Illustrert norsk kristendomshistorie er historia om ei tru som var med på å forme det norske samfunnet til det det er i dag. Den kristne trua har spela ei avgjerande rolle for utviklinga av det norske skriftspråket og den norske mentaliteten. Kunstnarar har henta motiv og inspirasjon frå henne, og framleis gjer ho stoff til nokre av dei mest intense offentlege diskusjonane vi har her til lands.
Boka har eit friskt og moderne perspektiv. Utvalet av illustrasjonar er breitt, og til kvart bilete følgjer det med ein utfyllande tekst. Hovudmerksemda er lagt på kva bileta fortel om historia, og kva motiv som har vore populære til ulike tider.
Forfattarane:
Hallgeir Elstad er førstelektor ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, der han er ansvarleg for etter- og vidareutdanning av lærarar i KRL-faget. Han har teologisk doktorgrad og er medforfattar av fleire publikasjonar.
Per Halse er førstelektor ved Høgskulen i Volda, med ansvar for KRL-faget i lærarutdanninga der. Han er teolog med tilleggsutdanning i historie og pedagogikk. Han har tidlegare skrive Gudsord og menneskeord, som er ei innføringsbok i bibelkunnskap.
Bilderedaktør:
Eva Furseth har hovudfag i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho arbeider frilans, mellom anna som kunstkritikar i Bergens Tidende. For tida er ho registrar ved Museet for samtidskunst.
                                
                                Les mer
                              Produktdetaljer
ISBN
                    
            9788276747027
      
                  Publisert
                     2002 
                  Utgave
                     1. utgave 
                  Utgiver
                    Fagbokforlaget Akademisk; Fagbokforlaget
                  Vekt
                     902 gr
                  Høyde
                     247 mm
                  Bredde
                     181 mm
                  Dybde
                     21 mm
                  Aldersnivå
                     Voksen
                  Språk
                    
  Product language
              Nynorsk
          Format
                    
  Product format
              Innbundet
          Antall sider
                     349
                  Sjanger
                     Faglitteratur
                  