Boka tek føre seg ein sentral del av norsk kyrkjehistorie på 1800-talet. Den generasjon prestar som gjerne vert omtala som "dei johnsonske prestar" eller "johnsonianarar", vart utdanna og forma under professor Gisle Johnsons kateter i siste halvpart av 1800-talet, og har lenge vore oppfatta som ein eigen prestetype. Ein har meint at det gjennom undervisninga til Johnson vart prega av ein einsidig pietistisk vekkingsstrategi. Eit hovudspørsmål i boka er i kva grad det er rett å seie at dei som vart prestar i siste halvpart av 1800-talet var "johnsonianarar". Forfattaren presiserer her relevante historiske spørsmål i studiet av den aktuelle perioda, og resultata han kjem fram til nyanserer mange eldre oppfatningar. Dessutan nyttar han kjeldemateriale og metodar som tidlegare har vore lite prøvd ut i norsk forsking. Boka er tydeleg historisk orientert, men er óg relevant i eit meir allment pastoralteologisk perspektiv. Også i eit lokalt- og regionalhistorisk perspektiv vil boka vere sentral. Dette arbeidet startar innanfor det kyrkjegeografiske "Østfoldprosjektet", som la vekt på å sjå kyrkje- og kulturhistoria "nedanfrå". Denne boka er til nå det mest omfattande resultatet av dette konkrete prosjektet, og det historiske materialet som forfattaren legg fram, vil vere viktig for annan forsking om Ytre Østfold.
Les mer
Boka tek føre seg ein del av norsk kyrkjehistorie på 1800-talet. Den generasjon prestar som vert omtala som "dei johnsonske prestar" eller "johnsonianarar", var utdanna og forma av professor Gisle Johnson i siste halvpart av 1800-talet, og har vore oppfatta som ein eigen prestetype. Eit hovudspørsmål i boka er i kva grad det er rett å seie at dei som vart prestar i siste halvpart av 1800-talet var "johnsonianarar". Forfattaren presiserer relevante historiske spørsmål i studiet av den aktuelle perioda, og resultata nyanserer mange eldre oppfatningar. Han nyttar kjeldemateriale og metodar som tidlegare har vore lite prøvd ut i norsk forskning. Har litteraturliste.
Les mer
På omslaget: Kyrkjehistorie

Produktdetaljer

ISBN
9788274770423
Publisert
2000
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Unipub forlag
Vekt
794 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
424