Verdas viktigaste bok, Bibelen, forklart slik at alle kan forstå Bibelen er så mykje meir enn ei bok, den er eit heilt bibliotek med noveller, biografiar, poesi, helteepos og apokalypsar. For å forstå oss sjølv må vi kjenne Bibelen; boka er heilt sentral for kulturen vår. Men Bibelen kan vere tung å lese. Oslos populære biskop, Kari Veiteberg, gir oss ein enklare veg inn til Bibel-tekstane. Frå evangelia tek ho oss med til det gamle testamentet og vidare til breva, salmane og merkelege tekstar som Johannes' openbaring. Ho fortel om fæle tekstar, og tekstar som har blitt brukt til å halde kvinner nede. Vi får vite kor kjende uttrykk som «perler for svin» og «ulv i fåreklær» kjem frå, og i bokas flotte illustrasjonar ser vi korleis Bibelen er gjenskapt i verdskunsten. Denne kunnskapsrike og inspirerande teksten frå Kari Veiteberg får oss til å oppdage Bibelen på ny, eller for første gong.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788248929352
Publisert
2023-01-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kagge
Vekt
340 gr
Høyde
210 mm
Bredde
145 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
203
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter