Dette er boka om bedehuset og folket som held til der. Vi møter bedehusfolket i tre bygder tidleg på 1980-talet: Drabantbygda har opplevd stor tilflytting og bedehusfolket strevar med å finne fotfeste i det nye bygdemiljøet. I Bygdebyen er bedehusmiljøet prega av generasjonsspenningar og eit aukande mangfald, medan Bondebygda nyleg har opplevd ei stor vekking på bedehuset. 14 år seinare, på slutten av 1990-talet, møter vi igjen dei same bedehusmiljøa og får vite korleis det har gått med vekkinga, generasjonsspenningane og med kontakten med bygdemiljøet. Skildringa av bedehuskulturen i dei tre bygdene blir også sett inn i ein vidare historisk og kultursosiologisk ramme. Boka vender seg både til lesarar som held til på bedehuset, - og til lesarar som aldri har vore der. Den vil særleg vere av interesse innan fagområda sosiologi, antropologi, folkloristikk og teologi. Olaf Aagedal er sosiolog og 1. amanuensis ved Forskningsavdelinga ved Diakonhjemmets Høgskole (DIAFORSK). Boka bygger på eit prosjekt ved DIAFORSK i samarbeid med KIFO.
Les mer
Boka ser på tre bedehusmiljø på 1980-talet: drabantbygda som har opplevd stor tilflytting og kor bedehusfolket strevar for å finne fotfeste i det nye bygdemiljøet, bygdebyen kor bedehusmiljøet er prega av generasjonsspenningar og eit aukande mangfald, og bondebygda som nyleg har opplevd ei stor vekking på bedehuset. Forfattaren ser så på dei same miljøa på 1990-talet, og fortel korleis det har gått med vekkinga, generasjonsspenningane og kontakten med bygdemiljøet. Skildringa av bedehuskulturen blir også sett inn i ein vidare historisk og kultursosiologisk ramme. Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251918299
Publisert
2003
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tapir akademisk forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
557

Forfatter