Valdresdialekta vart i 2005 kåra til den vakraste dialekta i landet. Men korleis er eigentleg dialekta i Valdres, og korleis skil ho seg frå andre dialekter? Dette har forfattarane av denne boka freista å finne eit svar på. I Dialekt av hjartans lyst finn du oversikter over korleis du bøyer substantiv og verb på valdresmål, og du finn samanlikningar mellom valdresmål, nynorsk og bokmål. Du møter Per og Kari som samtalar humoristisk saman på dialekt, og som bonus finn du ei ordliste på 263 frekvente valdresord bak i boka. Valdresdialekta er ein viktig del av valdresidentiteten. Men korleis står det eigentleg til med valdresdialekta? Er ho, som hallingmålet, i ferd med å forsvinne? Utan valdresmål, ikkje noko Valdres. Difor er denne boka viktig. Boka er interessant både for fastbuande og utflytte valdrisar, skuleelevar, hyttefolk, turistar og alle som er interesserte i dialekter og språk her i landet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293762058
Publisert
2023-10-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kvitvella Forlag
Aldersnivå
Voksen, 12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
96