Mange av filmane, seriane, bøkene og skodespela vi elskar, bygger på forteljingar som har blitt formidla i andre format før - dei er det vi kallar adaptasjonar. Ringenes herre er basert på Tolkiens romanar, og Batman-filmane byggjer på teikneseriar. Adaptasjonar er kring oss overalt. Denne boka gjev ei innføring i analyse, fortolking og vurdering av adaptasjonar. Ho tilbyr ei rekke analyseverktøy og viser korleis vi kan bruke dei. Å studere adaptasjonar av ulike slag er ei populær oppgåve i skulen som kan stimulere elevanes fortolkingskompetanse og kritiske tenking. Boka er aktuell for lærar- og lektorstudentar i norsk og andre språkfag, og vil òg vere nyttig for studentar i litteratur-, film- og medievitskap. Per Esben Myren-Svelstad er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved NTNU. Se flere utgitte og planlagte bøker i Å studere-serien her.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245037470
Publisert
2024
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet