Dagens barne- og ungdomslitteratur bruker ei mengd ulike verkemiddel, det påverkar utforminga av innhaldet og lesarrolla. Perspektivet i denne boka er påverka av leik-teori, performativ estetikk og multimodal medieteori, og studentane får ei oppdatert forståing av kva barne- og ungdomslitteratur er og korleis han fungerer. Ørjasæter syner korleis lesaren blir inkludert i forteljinga, enten mediet er bildebok, teikneserie, tekstbok, lydbok eller app. Vidare ser forfattaren på samanhengen mellom den litteraturen vaksne skriv for barn og unge, og den litteraturen barn og unge skaper sjølv, som fan-fiction. Boka er skriven for studentar på barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og bibliotekarutdanninga.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252195606
Publisert
2018-06-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
390 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
174