Det er en vilter og humoristisk kunst vi stifter bekjentskap med i denne jubileumsboken.

- Gro Jørstad Nilsen, Bergens tidende

Oddvar Torsheim er ikkje lik nokon andre norske kunstnarar, han er lik seg sjølv.

- Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen

Det er en fest å bla seg fra bilde til bilde gjennom denne vakre presentasjonen.

- Fredrik Wandrup, Dagbladet

Kunstnaren Oddvar Torsheim fyller 80 år 2. november 2018. I det høvet lanserer vi boka som oppsummerer hans liv og virke, med hovudvekt på kunsten. Torsheim er kjend for sin humoristiske og samfunnskritiske strek. Heilt sida studietida har han vore ein samfunnsengasjert kunstnar oppteken av miljøvern, politikk, kjønnsroller og livssyn. Gjennom 50 års aktivitet har Torsheim formidla motsetnadar mellom by og bygd, kvinne og mann, natur og teknologi. Oddvar Torsheim er noko så sjeldan som ein maskulin feminist. Med sin strek har han illustrert og stilt seg solidarisk med kvinner og deira forståing av seg sjølv og den plassen dei eigentleg burde ha i samfunnet. Kvinnefrigjering og likestillingskamp går som ein raud tråd gjennom karrieren hans, og det usminka biletet av kvinna må kunne seiast å vera kjernen i produksjonen hans. Oddvar Torsheim er ein svært sentral og kjær kunstnar både lokalt og nasjonalt, men han er spesielt viktig for Vestlandet. Frå bustaden sin i Førde har han skildra den vestlandske mentaliteten med vidd og humor. Han bruker ofte seg sjølv som objekt i kunsten, og kunstnarskapet hans spring ut av ein pietistisk oppvekst og eit liv som sjømann før kunstutdanninga i København. Han har vore i kontinuerleg virke som kunstnar sidan 1950-tallet - og er det framleis. Kunstnarskapet ber preg av surrealisme og ei (u)anstendig frekkheit. Torsheim sitt samfunnsengasjement har resultert i ein omfattande produksjon av måleri, grafikk og teikning. Boka blir rikt illustrert og passar for både kunstinteresserte lesarar, museumspublikum og fans av Oddvar Torsheim. Kunstnarbiografien er éi av to bøker som forlaget gir ut parallelt i høve 80-årsdagen til Oddvar Torsheim i november. Silje Nes er designaren for begge bøkene. Kvar bok vil kunne fungere for seg, samstundes som dei vil passe i hop og kunne seljast som pakke.
Les mer
Forord av Kjartan Aa Berge
Det er en vilter og humoristisk kunst vi stifter bekjentskap med i denne jubileumsboken.

Produktdetaljer

ISBN
9788279592822
Publisert
2018-10-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
1450 gr
Høyde
266 mm
Bredde
242 mm
Dybde
28 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
252
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter
Illustratør