Her finn du 2. utgåve av Norsk kunsthistorie. Populært oversiktsverk i ny revidert utgåve! Boka følgjer bilete og skulptur i Noreg frå førhistorisk tid og heilt fram til dagens kunstuttrykk. Boka er gjennomillustrert i fargar. Standardverket i norsk kunsthistorie, no i ny revidert utgåve. Boka følgjer bilde og skulptur i Noreg frå førhistorisk tid og heilt fram til dei nyaste kunstformene i vår tid. Gunnar Danbolt gjev ei fyldig framstilling av retningar og sjangrar i norsk kunsthistorie, og så vel den rike kyrkjekunsten, nasjonalromantikken, realismen, og mangfaldet i modernismen er breitt representert. Ved å leggje vekt på kva rolle kunst har spela i samfunnet, både som folkekunst og gallerikunst, er boka ikkje berre ei tradisjonell kunsthistorie, men også ei forteljing om framveksten av kunstinstitusjonen. I den nye utgåva er framstillinga ført heilt fram til dagens kunstuttrykk, med videokunst, installasjonar og viktige kunstnarar som Bjarne Melgaard, Mari Slaattelid og Matias Faldbakken.
Les mer
1. e-bokutgave tilsvarer 3. trykte utgave 2009
Produktdetaljer
Publisert
2019-12-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
566
Forfatter