I denne boka har ein lagt vekt på å vise spennvidde og variasjon ved den norske langeleiken. For fyrste gong har forskarar undersøkt langeleik materialet i heile Noreg. Gjennom feltarbeid og systematisk tilnærming til det eldste materialet - og ei rekke andre kjelder - har ein greidd å avdekke mangfald i konstruksjon og utforming, dekorasjon og stil ved eit elles lite kjend musikkinstrument. Slik blir vi aller mest kjende med ein handverkstradisjon der musikken åleine ikkje har vore målet, men som i staden uttrykkjer ein brei, allsidig og folkeleg til.nærming til ei rekke kunstariske uttrykksformer. Ein har lagt vekt på å setje materialet inn i kjende kulturhistoriske, musikkhistoriske og organo-logiske samanhengar, og ein har dokumentert prosessar og fenomen som ein tidlegare ikkje har greidd å sjå i samanheng. Det er eit mål med boka at ho skal inspirere til vidare forsking, men aller mest framhald av produksjon av langeleikar. Slik håpar vi å vidare.føre ein stolt og ubroten musikk- og handverksproduksjon i Noreg.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283900736
Publisert
2021-12-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Vekt
2050 gr
Høyde
277 mm
Bredde
210 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
517
Orginaltittel
Langeleiken
Sjanger
Faglitteratur