I 1814 var gleda stor i Norge over at all sensur var avskaffa og trykkefridom garantert ved § 100 i Grunnlova: «Trykkefrihed bør finde Sted.» Men kor stor var den trykkefridommen Grunnlova innførte, og korleis vart den praktisert ved domstolane i åra etter 1814?

I denne boka blir kjeldene som kan gi oss svaret på dette, for første gong grundig gjennomgått. Eit omfattande og hittil ubrukt materiale gir oss eit nytt bilde av kvar grensene for trykkefridommen gjekk i første halvdel av 1800talet, og korleis folk brukte den nye fridommen - på godt og vondt.

Kjeldegjennomgangen fører òg fram til ei erkjenning av at den historiske og rettshistoriske faglitteraturen på området gjennom ei rekke følgjefeil har bygd resonnementa sine på sviktande kjeldegrunnlag.

Denne andre utgåva ajourfører framstillinga opp mot ny faglitteratur som har komme til sidan den første utgåva i 2021. Dessutan er det tatt med nye kjelder som styrker framstillinga med til no ukjent kunnskap.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788215071688
Publisert
2024-06-19
Utgave
2. utgave
Utgiver
Aschehoug & Co; Universitetsforlaget
Vekt
1167 gr
Høyde
243 mm
Bredde
172 mm
Dybde
40 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
614
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter