Namnet Øygarden viser til at ei rekkje med øyar ligg som eit gjerde mellom havet og landet innanfor. Her var båten framkomstmiddelet. Menneska levde i stor grad av det sjøen hadde å by på. Jordbruket ein dreiv mellom dei karrige bergknausane utgjorde helst eit bidrag til eigen matauk. Medan mennene hadde hovudansvaret for sjøbruket, utførte kvinnene mykje av gardsarbeidet og det som skulle gjerast innomhus. Dette første bandet i bygdebokverket fortel historia om Øygarden frå slutten av den siste istida og fram til 1870. Ein kan lesa om korleis folk levde i steinalderen, om gards samfunnet i jernalderen og følgjene av svartedauden midt på 1300-talet. I Bergen kom havstrilane i kontakt med pengeøkonomien. Det rike skriftlege kjeldematerialet frå 1600- og 1700-talet skaffar innsyn både i kvardag og fest. Sal av fisk gav eit godt utkome, noko alt sølvet i arveskifta vitnar om. Me møter øygardingane som skattytarar, soldatar, matrosar i flåten, losar, sjømenn og fangstfolk i Ishavet. På skipreidetinget vart mange tiltala for ulike brotsverk. Straffene kunne vera harde, til dømes for kvinner som fødde born utanfor ekteskap. Vårsildfisket prega perioden frå 1814 til 1870. Styresmaktene bygde ut helsestellet, og kampen mot smittsame sjukdomar kom i fokus. Etter innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837 vart Øygarden ein utkant i storkommunen Manger. Skulestellet og fattigvesenet var viktige saksområde for dei folkevalde.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788253304199
Publisert
2023-11-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
ØYGARDEN KOMMUNE
Vekt
1938 gr
Høyde
280 mm
Bredde
210 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
510

Forfatter