Natt til første nyttårsdag i 1992 blei kysten av Noreg ramma av den sterkaste orkanen som nokon gong er målt i landet. Mange tusen menneske vart råka direkte, og heile nasjonen vart prega av det som skjedde. 
 
I Orkanen fortel Oddgeir Bruaset, den folkekjære programleiaren frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», om det dramatiske døgnet og korleis folk opplevde det. Vi får høyre om Frank Trøger, som dreiv omkring i bårehavet etter at båten hans forliste. Helle Ingelsrud måtte føde i lyset frå juledekorasjonar den natta, og Karin Nesbakk låg i ein kjellar medan vinden reiv tak og vegger vekk over henne. 
 
Oddgeir Bruaset laga fleire TV-dokumentarar, og han skreiv ei bok om orkanen. No, 25 år seinare, har han snakka med mange av menneska for å høyre korleis dei opplevde katastrofen, og korleis liva deira blei. Dei fortel om sorg og frykt for framtida, men også om samhaldet mange opplevde. Kva gjer noko slikt med menneske og samfunn?
                                
                                Les mer
                              Produktdetaljer
ISBN
                    
            9788252192490
      
                  Publisert
                     2016-10-11 
                  Utgave
                     1. utgave 
                  Utgiver
                    Samlagsantikvariatet; Samlaget
                  Vekt
                     1122 gr
                  Høyde
                     232 mm
                  Bredde
                     216 mm
                  Dybde
                     30 mm
                  Aldersnivå
                     Voksen
                  Språk
                    
  Product language
              Nynorsk
          Format
                    
  Product format
              Innbundet
          Antall sider
                     284
                  Sjanger
                     Faglitteratur
                  Forfatter
                                              
                                          Illustratør
                                              
                                          