68-opprøret var eit internasjonalt fenomen som nådde Norge og som kom til å prege 1970-åra. Radikalisering av unge kristne var ein særprega del av opprøret. Utanfor den amerikanske ambassaden demonstrerte teologiske studentar mot krigen i Vietnam. Og det skjedde ei vekking til ansvar for den tredje verda, som medskuldige i kolonialismen. Kyrkjenes Verdsråd registrerte ei revolusjonær oppbrotsstemning i verda, saman med ein tilsvarande frigjeringsteologi: Gud står på dei undertrykte si side! Her heime vart kapitalismen i form av den korporative sosialdemokratiske staten gjort til ein hovudfiende. Vi fekk også ein radikal kvinnekamp. I denne situasjonen fekk vi fenomenet 'kristen-radikalarane', som raskt vart til kristen-sosialistar. Desse fekk behov både for å legitimere seg teologisk overfor ei borgarleg kyrkje og for å utforme ein teologi som grunngav aktiviteten. Denne boka er første del av den første større undersøkinga av korleis kristen-radikalarane utvikla ein teologi for sin praksis i det som er kalla 'det lange 70-talet'. Oppbrotet gjaldt ikkje berre politikk og marxisme. Det kom også ei sosialetisk vekking, inkludert eit økologisk engasjement og eit kvinneopprør i kyrkja. Boka fylgjer brytingane tett i tekst og tid, der teologien skjer. Boka vender seg til den som er interessert i 68-fenomenet og vil ha ei grundig historie om korleis radikaliseringa arta seg i teologisk bryting og sosialetisk engasjement i denne turbulente perioden.
Les mer
«Ulsteins Oppbrotsteologi på det lange 70-talet er ei rettkomen påminning om at også trus- og kyrkjelivet er ein del av norsk historie. Det er ei opplyftande og rik bok Ulstein legg fram - eit teologisk nybrotsarbeid.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202753689
Publisert
2022-03-31
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm Akademisk
Vekt
1090 gr
Høyde
247 mm
Bredde
174 mm
Dybde
34 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
512

Forfatter