I krigsåra 1940-45 vart 736 norske jødar deporterte og drepne i tyske konsentrasjonsleirar. Dette er eit svart kapittel i norsk historie, og litteraturen om deportasjonane og dødsleirane er omfattande. Mindre kjent er historia om alle dei som vart berga - dei som vart varsla, sendt i dekning og smugla ut av landet - ofte under dramatiske omstende. I alt 1100 slapp unna arrestasjon og deportasjon på denne måten. Dei som hjelpte jødane var motstandsfolk og andre frivillige - sivile menn og kvinner som sjølv risikerte livet. I denne boka møter vi mange av dei som var involverte i redningsaksjonane, både jødar som vart redda ut og hjelparane deira. Ragnar Ulstein fortel historia gjennom lagnaden til einskildpersonar og familier, og går tett inn på korleis jødane opplevde tiltakande trakassering og forfølgjing. Dramatikk, angst og spenning møter lesaren i dei mange redningsaksjonane han fortel om, men også heltemot, hjartevarme og medmenneskeleg handlekraft. Boka kom første gong i 1995 og har i lang tid vore utseld. Forfattaren, Ragnar Ulstein, er historikar og har skrive mange bøker om rednings- og etterretningsarbeid i Norge under krigen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252196719
Publisert
2018-05-31
Utgave
3. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
270 gr
Høyde
200 mm
Bredde
126 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
271

Forfatter