Korleis var det å gå på skulen for 75 år sidan, eller vera distriktslege på 1940-talet? Kva har vore dei største stridsemna i fusapolitikken, og kva meinte folk om kommunesamanslåinga på 1960-talet? Kven var Marstrander?Kor mange lensmenn har Fusa hatt? Kor lenge har det vore sparebank i kommunen, og korleis vart kraftforsyninga organisert? Det tredje og siste bandet av bygdebokverket om Fusa 1900-2000 fortel om rammene rundt fusafolket sine liv. Band I tok for seg kvardagsliv og levekår, og band II det sosiale og kulturelle livet og utviklinga i kommunikasjonane. Band III skildrar framveksten av velferdskommunen og velferdssamfunnet, det kyrkjelege livet, lensmann, lov og orden, sparebank og kraftlag. Bokverket vert avslutta med ein bolk med mini-bygdeleksikon. «Heilt andre tider» byggjer på varierte og rikhaldige kjelder. Folk i Fusa har delt raust av minne, kunnskapar og levd liv, og har henta fram bilete og dokument frå fotoalbum og skuff er. Det rikt illustrerte bokverket gjev eit eineståande innblikk i hendingar og levemåte i ein vestlandskommune som Fusa det siste hundreåret - og er kledd i ein sprek bokbunad. Ella Marie Brekke Vangsnes f. 1964 Utdanna cand. philol. ved Universitetet i Bergen 1992, med hovudfag i etnologi og støttefaga historie og tysk. Fleire års erfaring frå museumsformidling. Forfattar av «Verda inn over dørstokken. Krigsminne frå Fusa» 1995. Ho er oppvaksen på Voss, men har sidan 1992 vore busett i Fusa. Har arbeidd som lærar på Fusa vidaregåande skule 1992-1993 og journalist i «Os og Fusaposten» 1993-1998. Tilsett i bygdebokprosjektet i Fusa kommune frå hausten 1998.
Les mer
Dette er det tredje og siste bandet av bygdebokverket om Fusa Forfattaren skildrar framveksten av velferdskommunen og velferdssamfunnet, det kyrkjelege livet, lensmann, lov og orden, sparebank og kraftlag. Boka gjev eit innblikk i hendingar og levemåte i vestlandskommunen det siste hundreåret. Med notar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241903472
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Forlaget Vigmostad & Bjørke AS
Vekt
2080 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
414