Første bindet av havfiskeflåtens historie i Møre og Romsdal og Trøndelag tek for seg hundreårsperioden 1860-1960. Vesteuropeiske land hadde i lang tid drive havfiske før ein for alvor begynte med bank- og havfiske på Sunnmøre. Ålesund var lenge sentrum i dette fisket. Heile hundreårsperioden brukte ein likevel fiske langs Norskekysten som fundament for stadig å søkje fjernare farvatn. Ålesund drog også med seg nærliggjande bygder. Ein føresetnad for eit slikt hav- og fjernfiske var dampfartøya. Seinare kom overgangen til dieseldrivne fartøy, som igjen auka aksjonsradiusen. Hundreårsbolken var prega av kombinasjonsdrift, der vintersildfisket ved Norskekysten kunne kombinerast med selfangst, sildefiske ved Island, lineturar til Island og etter kvart Grønland og Newfoundland. Boka kjem grundig inn på fartøya, reiskapstypane og arbeidet til fiskarane på dei forskjellige felta. Også dei tilknytte næringane på land blir omtala. Viktige politiske spørsmål, åndsliv, kultur- og samfunnsliv får også brei plass i boka. Historia om havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag er det første fiskerihistoriske arbeidet i Noreg som set fokus på havfiskeflåten. Verket har blitt til gjennom eit samarbeid mellom Aalesunds Rederiforening, fire historikarar og ein statsvitar frå høgskulemiljøa i Volda og Molde, Møreforsking Molde og det lokale næringslivet, som har støtta opp om arbeidet økonomisk.
Les mer
Boka tek for seg havfiskeflåtens historie i Møre og Romsdal og Trøndelag i perioden 1860 til 1960. Fiske langs norskekysten blei brukt som fundament for stadig å søkje fjernare farvatn. De hundre åra var prega av kombinasjonsdrift, der vintersildfisket ved Norskekysten kunne kombinerast med selfangst, sildefiske ved Island og lineturar til Island, Grønland og Newfoundland. Boka tek for seg fartøya, reiskapstypane og arbeidet til fiskarane på dei forskjellige felta, dei tilknytte næringane på land, samt viktige politiske spørsmål, åndsliv, kultur- og samfunnsliv. Har litteraturliste, emneregister, personregister og fartøyregister.
Les mer
Katalogisert etter omslaget

Produktdetaljer

ISBN
9788251921701
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tapir akademisk forlag
Vekt
1800 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
471
Sjanger
Faglitteratur