Gulatinget er ein av dei eldste regionale tingstadene i Noreg. Det var truleg Harald Hårfagre som etablerte tingstaden, sist på 800-talet eller tidleg på 900-talet. Den opphavlege tingstaden var i Eivindvik i Gulen, midt på Vestlandskysten og ved innløpet til Sognefjorden. Tinget vart seinare truleg flytt til Flolid, og her er det i dag lagt ut tingpark, som òg er tusenårsstad for Sogn og Fjordane. Tingsamlingane var dei første stega mot politisk organisert maktdeling, og tingordninga var ei viktig inspirasjonskjelde for det moderne norske demokratiet. Det går ei linje frå Gulatingslova til Grunnlova i 1814. Denne boka fortel historia om Gulatinget og Gulatingslova i vikingtid og tidleg mellomalder. Ho er samstundes ein kulturhistorisk vegvisar til dei to tingstadene Eivindvik og Flolid. Boka er rikt illustrert med foto og kart.
Les mer
Boken forteller historien om Gulatinget og Gulatingsloven i vikingtid og tidlig middelalder. Den er samtidig en kulturhistorisk veiviser til de to tingstedene Eivindvik og Flolid. Med litteraturliste.
Produktdetaljer
ISBN
9788282400466
Publisert
2011-11-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Serie
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
104
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter