Førdefjorden strekkjer seg frå kysten av Sunnfjord og inn til Førde, den største byen i Sogn og Fjordane. Førdefjorden byr på dramatisk og vakker natur, så vel som levande bygder og ei rik kulturhistorie. Her er historiske stader som bergkunsten i Ausevika, herregarden på Svanøy og gjestgjevarstaden Tingneset. På sørsida ligg Heilefjellet og Blægja, 1304 moh., på nordsida Håsteinen på 964 moh. I Stongfjorden kom landets første aluminiumsverk, i Førdefjorden stod det største luftslaget under krigen, "Den svarte fredagen", og inst i fjorden har Førde etter krigen hatt ein vekst som ingen annan norsk by. Denne boka tek lesaren med på ei reise langs Førdefjorden, frå bygd til bygd, grend til grend og gard til gard. Reisa byrjar i Førde, følgjer så fjorden på sørsida frå Førde til Stongfjorden og Staveneset, og så på nordsida til Naustdal, Vevring og Stavang. Ruta vidare går forbi bergkunstfeltet i Ausevika, Høydalane, Steinhovden og til Eikefjord. Øyane i Førdefjorden har eit eige kapittel.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401302
Publisert
2017-11-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Høyde
275 mm
Bredde
173 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
184