Band V av Fjell bygdebok handlar om sytten gardar i den sør-austlege delen av Fjell kommune, og folket som har budd der: Brattholmen, Snekkevika, Gavlen, Ebbesvika, Nordre og Søre Ekrhovda, Li, Liaskjeret, Nordre og Søre Bjorøyna, Haganes, Tellnes, Dala, Dalseidet og Søre, Midtre og Nordre Fjell. Gards- og slektshistoria lèt oss møta strilane i Fjell i tekst og bilete, som synlege einskildpersonar i ein historisksamanheng og over lang tid. Vi les om menneske i kamp for utkomet - med stuttorven på utkikketter dei minste grasstrå mellom bergnabbane, i færingen på leit etter fisk og sild, og på torget i Bergenmed varer til sals. Vi møter også folk i finstas og festhumør. I dei omfattande slektssogene for kvar av dei sytten gardane vil mang ein lesar finna slektningar i fleire generasjonar tilbake.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788251407496
Publisert
2011-09-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Bodoni Forlag; Fjell kommune
Vekt
2053 gr
Høyde
248 mm
Bredde
183 mm
Dybde
48 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
688
Sjanger
Faglitteratur